fredag 27. oktober 2017

Tørketid

 Nå tørkar hortensiaen heilt av seg sjølv, og tida er inne for å lage noko fint å ha som sommarminner utover hausten og vinterern.
 Det er gjerne litt brune og visne blader som må plukkast vekk, og så er det berre dei blomstene som er avblomstra som tørkar. Blomstene i bakkant av bilde over, og blomsten på bilde under er knoppar som ikkje tørkar. Den lille prikken i midten skal være avblomstra og heilt borte - er forresten det som er blomsten. Det andre er høgblader, men det er dei som skifter farge og tørkar.

 Kransen er enklast å lage av friske blomster, den tørkar fint i oasis eller på halmring.

Her har eg brukt ein lyseblå hortensiablomst - den får så utruleg vakker grønnleg farge på hausten.  Hjerta har også eucalyptusblader, kvite roser og brudeslør - alt dette er blomster og blader som tørkar fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar