lørdag 28. mars 2015

Veke 13

 Eg blir litt "mobba"  av lærlingen min fordi eg alltid lagar så store ting. Så derfor måtte eg bevisa at eg også kan lage små ting. Denne korga er berre 16 cm høg.

tirsdag 24. mars 2015

Påske

 Påskeliljene avløyser snøklokkene i hagen, og knoppane på dei gule trepionene er "sprekkeferdige"


 Litt påskestemning i butikken også. Denne veka har me langåpent onsdag og torsdag til klokka 18. Neste veke er eg heime mandag - onsdag så det er berre å ta ein tur om nokon har lyst til det.


lørdag 21. mars 2015


Korga i veke 12

Denne korga er det Maria, lærlingen min som har laga. Ho er blitt kjempeflink med pilflett.

fredag 20. mars 2015

Hagebukett

 I dag ville me prøve å sjå kva me kunne få til å lage berre av materiale frå hagen. Først laga me ein konstruksjon av forskjellige greiner.
        Blomstene her er Skimmia og Påskeliljer.

                                                
Kjekt å sjå forandringa dag for dag ettersom Påskeliljene åpnar seg. Gåsungane står ikkje i vatn, og vil derfor ikkje vekse meir eller bli fulle av pollen.





 Her er ein annan med Kastanjeskudd og Kirsebærknoppar. Kirsebærgreinene har stått inne nokre dagar.

mandag 16. mars 2015

Sol og snø


 Har hatt oss ei fantastisk helg i vinterland. Etter ein liten ferjetur, og eit par timar i bilen blir brøytekantene høge. Kontrastane er store i dette flotte landet vårt. Heime er våren komt langt, og mangfoldet av blomster i hagen er stort.
 Sola varmer, det drypp frå taket og istappane veks seg lange og flotte.

                                       Magiske blåtimen.

 Så langt er lerka mi komt,  nå er det slutt på klippinga for denne gong.
        Trollhasselen blomstrar om kapp med sola, våren er ei herleg tid.

fredag 13. mars 2015

onsdag 11. mars 2015

Skiferkrukke

 Ei krukke til er ferdig frå "pottemakaren i skuret"   "Nøysomhet, ærlighet og hardt arbeid" var, ifølge Hans Nilsen Hauge viktige verdier for å lukkast med livet. Trur eg kan sei at min gamle far, krukkemakaren på 80 år, innehar alle desse verdiane.

søndag 8. mars 2015

Vårmarked og korgfletting veke 10

 Her er ei av korgene som vart fletta denne veka,  som også fekk være med på marked.
 Titt tei, prøver å gøyme meg eg, men det er kanskje ikkje så lurt når eg skal stå på stand. Det vart ein flott dag,  mykje folk, god stemning og godt salg.

fredag 6. mars 2015

Vårmarked

 Godt å ha tilgang på stor bil når ein skal være med på kunstmarked.
Slik ser det ut i kveld, litt meir kjem til  i morgon. Så er det berre å håpe på mykje folk. Det meldes om kuling og regn,  perfekt vær for kafe og marked. Velkommen til Vikevåg klokka 11