lørdag 20. desember 2014

Butikken 
 Her er framleis ting for salg i butikken/verkstaden, så kom gjerne innom om du treng noko. Er eg ikkje er i vekstaden, er eg det berre å ring på døra vår, eller tlf 975 38 321




Blåtime
 Fantastisk lyset i blåtimen, håper me alle har tid til å nyta dette midt i julastriå.

fredag 19. desember 2014


Jul i verkstaden


 Nå berre kosar me oss med gløgg og julemusikk, og ein liten prat med alle som kjem innom.
Velkommen til julestemning på Hedleshaug

onsdag 17. desember 2014


Lerk
Lerketre er det treet som sist slepp nålene her hos oss, men nå er endeleg dei flotte gyllenbrune greinene klar til å brukast. I dag har me laga tre og englar av desse greinene.
                                                 

Skiferkrukkene til far med einer og lerk.




Fantastisk god lukt av nykutta lerkegreiner.




tirsdag 16. desember 2014

Gras og gulltråd

 I dag har me laga stjerner av tørt gras og gulltråd, og kransar av pil og kornellgreiner.

 Kransen er også på plass på døra vår.

fredag 12. desember 2014

Julabutikk

God helg frå hagenissen, og dei to andre på Hedleshaug. Butikken er åpen 11 - 13 i morgon, lørdag.






mandag 8. desember 2014

Jul på Hedleshaug






                                                   

mandag 1. desember 2014

Utstillingsvegger
 Kosar meg med å lage utstillingsvegger, materialet er fjøler som har blitt med heim frå mine mange strandturar.


 Har vore på Primaflor og "snopt" idag, så imorgon skal me fylle på med mykje flott.
 Julestemninga er på veg, både ute og inne. Me har åpent til 18 torsdag og fredag, og 11-13 på lørdag