mandag 15. mai 2017

Belegningsstein

 Ja, nå skal det endeleg bli belegningsstein i torget. Men før me kjem så langt må både gamal grus/jord ut og stabilt underlag inn.

 Det var her eg snubla og skada armen. 11sting på høgrearmen er dårleg kombinasjon med jordkjøring, steinlegging, hagearbeide og våronn. Måtte få hjelpa av 20 åringen til å sette poteter ein dag - og då kom det frå henne: "Er dette absolutt nødvendig, mamma? " Nei, klart det er ikkje det, men det er så kjekt. Ja vel, men ikkje for ein 20 åring - forstår det, og kan nok være nyttig for nokon kvar det spørsmålet. Kva er det som er absolutt nødvendig ?
 Eg har to gode guttar også, så det går framover - skal bli bra dette.

tirsdag 9. mai 2017

Løvetann og søppel

 Det har blitt mykje fokus på løvetann denne våren, og nå blomstrar det både ute og inne. Har fått god hjelp av mange flittige foreningsdamer - gled dykk til besøk i Grenseland.

 Og stadig nye ting kjem fram frå plasthaugen. Her har Maria laga ei søt lita selskapsveske.


 Denne taukveilen, også funnen på stranda, skal få nytt liv som scenekunst.
Og eg har, etter eit hardt og ublidt møte med grusen fått god trening i å bruke venstrearmen. 11 sting på høgre underarm skal fjernast på fredag.

lørdag 1. april 2017

Toving

 Etter fleire veker med pinnar og plastsøppel hadde me lyst å prøve noko anna.  Valget blei filt og toving, og me har verkelg kosa oss med flotte fargar og fine former.
 Blir ofte kreative og spennande samtaler rundt bordet, når me sit slik og kosar oss. Me leika litt med tanken om at det kunne vore artig å prøvd å tove med gamle ullkler. Klare me ein sau av gamle islandsgensere, eller kanskje eit koftedyr ?  Så om det er noko av våre leserar, helst i nærleiken av Stavanger, som har gamalt ulltøy dei kan tenke seg å gje oss, er me svært takksame. Får me det til, blir dei også å finne i Grenseland.
 Mykje kjekt kan komme ut av litt ull og ei filtenål.

                                                    Pip pip


 Reir må jo fuglane ha, særleg no om våren. Kanskje kjem det egg også ?

søndag 26. mars 2017


Hagegleder

 Lykke med ny trillebår og eit kjempelass med bark.


 Auriklene har blomstra lenge, og jammen tittar kusymren også fram.

 Drømmer om levande og frittgåande høner i hagen, men enn så lenge gleder eg meg over desse flotte lerkehønene. Dei skal også til Grenseland, så livet på landet blir kortvarig - carpe diem.

 Frittgåande pilhøne, dårleg med egglegging, men så rotar ho ikkje i beda mine heller.


tirsdag 21. mars 2017

Lyden av motorsag

Årets "stussing" av lerkehekken er gjort, og masse godt materiale klar til bruk.

video
Lyden av motorsag, og ein vakker kveld - fantastisk.
Grenseland-familien aukar.

tirsdag 14. mars 2017

Koftedamer og pinnedamer

 Dyktige med strikkepinnar også desse damene, her i sjølvstrikka kofter.

tirsdag 7. mars 2017

Strandrydding

 Plutseleg har strandrydding blitt ein "inn" ting - fint det, det er nok å ta av. Men dette er noko me har dreve på med lenge.

 Det aller meste av det som driv  iland er plast, og det kan faktisk brukast til mykje kjekt. Etter ein runde i vaskebaljen er det eit formbart og sterkt materiale.

 Utruleg kva som kan gøyme seg i all denne plasten.

                                                Titt tei



Alle skal med til Grenseland, Stavanger Forum til sommaren.